Antigone 30.-31. januar

30.12.2025

Kven bestemmer kva som er rett og gale, og kva skjer når individet trassar makta?

 I denne moderne versjonen av Sofokles' Antigone møter me den unge Antigone- som med eit djupt og personleg mot set trua og samvitet sitt framfor lovene til staten. Etter ein langvarig krig ønskjer ho å gi bror sin ei verdig grav, men kongen meiner broren var ein landsforrædar utan menneskeverd, og vil derfor ikkje gi han ei grav. Antigone har dårlege odds, men er urokkeleg i trua si på lovene til gudane. 


Det er Ungdomsgruppe 2 du får sjå på scena.

Regi/koreografi/manus: Tonje A. Bakke 

Regiassistent: Viola Telnes Nordli 

Plakatdesign: Ronja Bakke- Jensen, Sverre Høvik Petersen