Årets sommarteater på Sverresborg folkemuseum

31.03.2025

Når "Eeemiil" blir ropt i Katthult er det berre éin trygg stad på denne jorda for Emil - snikkarbua. Han heiser veslesøstera Ida opp i flaggstonga og set hovudet fast i suppeterrinen. Då er det ikkje trygt å vera Emil.

Kom og sjå den godlynte og hjartevarme klassikaren når Teaterlaget i BUL Nidaros inntek Oppdalstunet på Sverresborg folkemuseum i Ragnhild Risnes' lekne regi.

Billettar finn du her 

Av Astrid Lindgren 

Oversett av Halldis Moren Vesaas 

Komponist: Georg Riedel

Regi: Ragnhild Risnes 

Plakatdesign: Tiril Aurora Nyland 

Orginaltegninger: Bjørn Berg/Astrid Lindgren Company

Forestillingen er klarert av Dramas – manus- og rettighetstjenesten for norsk amatørteater.