Bleikeplassen- med ungdomsgruppe 3
Ungdomsgruppe 3, det eldste av ungdommane i BUL, inviterer til ei gripande framsyning, som de kan sjå
kl. 15 laurdag 9. mai
kl. 19 laurdag 9. mai
kl. 19 søndag 10. mai
kl. 19 mandag 11. mai
i BUL-salen.
Bleikeplassen – om det me ikkje seier, i ei verd som aldri stoppar opp.Kva skjer i rommet mellom menneske – der orda ikkje strekk til? I Bleikeplassen av Tarjei Vesaas møter me eit stille, men intenst landskap av kjensler, avstand og lengt. Midt i ei tid der me konstant er påkopla, men ofte likevel åleine, treff denne historia noko urovekkjande gjenkjenneleg: behovet for nærleik – og frykta for å sleppa nokon heilt inn.
Framsyninga utforskar det usagde mellom oss. Gjennom blikk, pausar og kroppsspråk veks det indre livet til karakterane fram, og me blir minna på kor mykje som kan gå tapt når me ikkje klarer å nå kvarandre.Bleikeplassen er ei nær og sanseleg teateroppleving om einsemd, tilknyting og det å vera menneske – også i vår eiga tid. Ei framsyning som inviterer deg til å kjenna etter, og kanskje sjå både deg sjølv og andre litt klarare.
Framsyninga blir spela med godkjenning frå familien Vesaas.
Billettar kan kjøpast i døra.
Regi: Ole Fredrik Wannebo og Philip Lautin Jackson


