Lost- fanget i et senter
Kom og sjå Teaterlagets Barnegruppe 2 innta scenen i BUL-salen 14.-15. fabruar!
Ida og Oda og onkelen deira Bjarte er på kjøpesenteret. Onkel Bjarte ber niesene Ida og Oda om å venta på han, medan han skal innom bokhandlaren og få eit signert eksemplar av «Svarttrostens diet og fordøying» av Signe Fuglesang. Men møtet med Signe Fuglesang gjer at Onkel Bjarte gløymer tid, stad og Ida og Oda. Niesene går frå den eine merkelege butikken til den andre og leitar etter onkelen sin. Dei har dårleg tid, for dei må rekka korpskonserten og synkronsymjinga. Samtidig som jentene leitar etter Onkel Bjarte, må dei unngå dei pølseetande tryggingsvaktene Kari og Rolf. I mellomtida er Onkel Bjarte og Signe Fuglesang på date på Poppes Pizzeria Originale...
Stykket er skrive av Ingunn Adreassen og Kjersti Bryhn.
Regi: Astrid Lervik Mejdell
Plakatdesign: Ronja Bakke-Jensen
Billettar: https://bul-nidaros.hoopla.no/
*Forestillingen er klarert av Dramas – manus- og rettighetstjenesten for norsk amatørteater.


