Mysteriespel på Trondheim Middelalderfestival

16.08.2026

Ungdomsgruppe 3 speler mysteriespela «Syndefloden» og «Menneskets fall» på Middelalderfestivalen på Sverresborg folkemuseum 12.-13. september. 🎭🤩

https://middelalderfestivalen.no/mysteriespill-med-bul-2/

På Middelalderfestivalen kan ein også oppleva mykje andre- alt frå ponniriding til riddarar og matdelikatesser.

Litt om mysteriespel:

Kva gjer du når gudstenestene er på latin, folk flest ikkje skjønner eit kvekk og sovnar under preika? I middelalderen vart løysinga å flytta bibeldramaet ut på kyrkjebakken og setja opp mysteriespel! Skapelsen, syndefallet, Noahs ark og Dommedag gjekk føre seg framfor auga på jublande tilskodarar, for her var det ikkje profesjonelle skodespelarar som spelte, men naboen, ektemannen og anna kjentfolk. Det var dei ulike lauga som stod for produksjonen av mysteriespela, og dei hadde ofte roller og tema som passa til yrka. Bakarane stilte opp når 'Den siste nattverd' skulle spelast, medan tømrarane naturlegvis fekk ansvaret for å byggja Noahs ark.

Desse oppsetningane var hysterisk morosame, og det kunne gå hardt for seg både for skodespelarar og publikum undervegs. Kastet du f. eks kål på djevelen, kunne han finna på å riva deg ut av publikum og slengja deg ned i Helvetesgapet, bygde for høvet. Mysteriespela var ei ellevill blanding av djupt religiøst alvor, (svært) folkeleg humor, fest og god underhaldning.

Share