BUL Nidaros

Bondeungdomslaget i Nidaros (nå BUL Nidaros) vart skipa i 1904. BUL Nidaros har til føremål å samle barn og ungdom i alle aldrar til eigenaktivitet i eit godt og rusfritt miljø og å ta vare på norsk kultur og norsk mål.

BUL Nidaros har i dag tre særlag: teaterlaget, spelmannslaget og folkedanslaget. Vi eig også ei hytte på Lian som leigast ut, og vi driv utleige av bunadar og sal av bunadsstoff. 

BUL eig ei hytte på Lian. Ho blir nytta til arrangement i laget.                Hytta kan óg leigast ut til privatpersonar og organisasjonar. 


Bunadnemda

Bruk av bunad står sterkt i Noreg. Bunadnemda i BUL Nidaros er oppteken av å ta vare på bunad og historia rundt. Vi formidlar kunnskap om bunad, då særleg bunader til herre som høyrer til sør i Trøndelag.  


Kva skjer i særlaga?

Då er billettane til sikker julestemning for heile familien endeleg ute. Klikk på linken under og sikre deg plass!

Årets julestykke i BUL-salen blir "Reisen til julestjernen"!
Billettar blir i morgon sleppt på hoopla.no, så her gjeld det å vera ute i god tid for å sikra seg julestemning for heile familien 🤩