Alice i eventyrland på Munkholmen
15.04.2024
I år er det 40 år sidan Teaterlaget i BUL i Nidaros sette opp si første framsyning på Munkholmen! Den gongen spelte me Fangen på Munkholmen av Berit Østberg, og visste ingenting om kva for ein fantastisk tradisjon me hadde sett i gang.
I år er me endeleg tilbake på holmen- og me skal verkeleg slå på stortromma. I Mads Bones og Olve Løseth sin sprudlande tolking av Lewis Carrolls Alice i eventyrland vil både barn og vaksne få høve til å dra på smilebandet.
Billettar kjem på hoopla.no.