Aktivitetane våre
Vi dansar i BUL-salen i Søndre gate 22 B (ved Thon hotell Nidaros).
Onsdagsdans kl.19.00 – 21.00 Les meir om programmet for onsdagane i kalenderen.
- Danseøvingar kvar onsdag, iblant med musikk av grupper eller spelemannslag
- Turdans og songdans ein onsdag kvar månad.
For medlemmar er onsdagskvelden
gratis. Er ein ikkje medlem kostar det kr 70.
Halling Måndager kl. 20.00 – 22.00
Her kan du få lære å danse halling. Det er ingen krav til forkunnskapar om dans eller turnferdigheter.
Snorre Kristiansen er instruktør. Han har dansa halling i fleire år.
For medlemmar er det gratis. Er ein ikkje medlem kostar det kr 70.
Familiedans 4 søndager i halvåret kl. 16.30 I kalenderen finn du datoane og meir info.
I haust vil vi starte med familiedans der store og små dansar saman.
Det blir folkedans, leik, rytme og moro.
Ta med ein liten matbit og drikkeflaske til pausa.
Dansekveldar
Iblant har vi dansekveld i helga i BUL-salen eller på BUL-hytta på Lian.
Kvar haust har vi ein dansefest som vi kaller Haustleik.
Kurs
Vi arrangerer iblant temakurs. Dei finn du i kalenderen.