Kurs

       Kurs i saum av mannsbunad, Ålen og Gauldal

                                             Oppstart hausten 2026

Kurslærar er Guri Aune, medlem av Byneset Husflidslag. Guri har tatt 10 modular i bunadopplæringa frå m.a. Studieforbundet Kultur og Tradisjon. I tillegg har ho 6 modular om folkedraktsøm (håndsøm) frå Danmark. Guri har gått på kurs og sydd både Gauldal og Ålen mannsbunad. Medlemmar frå bunadnemnda vil vere til stades som assistentar gjennom kurset.

Kurset er eit samarbeid mellom BUL og Husfliden Trondheim. Materialpakke må kjøpast på Husfliden. Den inneheld utstyr til å sy bukse, vest og trøye (jakke). Kursdeltakarane vil bli invitert til ein informasjonsrunde på Husfliden der dei kan stille spørsmål og sjå dei ulike bunadane, sølv og anna utstyr som høyrer til. Her vil ein kunne gjere avtale for måltaking. Husfliden tek mål og klipper materialar for deltakar. Ein herrebunad let seg ikkje så lett justere i storleik, så den som skal ha bunaden, bør vere utvoksen (25 år eller eldre).

Krav til deltakarane er at dei har ein del erfaring med saum frå før. Det er mykje handsaum på bunaden, men og noko bruk av symaskin. Deltakarane må ha eiga symaskin som dei kjenner godt. Ei anbefaling vil vere å skaffe seg fingerbøll og gode synåler til handsaumen.

På kurset vil vi jobbe med alle delane av bunaden sett bort frå skjorte. Kurset tek for seg brok, vest og trøye, men vi vil òg sjå litt på strømper, hoseband og hue. Her òg vil vi vise deltakarane til Husfliden for materiale til strømper, hoseband og hue. Prisen på desse vil kome i tillegg til bunadpakken. På kurset vil vi og ha fokus på stell og vedlikehald av bunaden, også skjorte. Når det gjeld knappar vil vi anbefale gullsmed Karlgård.

Det er 8 plassar på kurset. Venteliste vil bli sett opp ved stor pågang. Bindande påmelding til bunadbulnidaros@gmail.com innan fredag 29. mai.

Kurset vert halde i BUL sine lokale i Dronningens gate 23. Tilkomst til lokala er ned ei trapp frå gateplan (8-10 trinn). Dessverre er det ikkje heis der.

Betaling: depositum 2000 og så to rekningar á 4000 (medl. 3000), etter det. Ein kan betale alt på ein gong om ein ynskjer det.

Kursplan kjem. Det kjem til å bli ein del laurdagar, men óg ukedagar.