Informasjon om BUL-hytta
Om hytta
BUL Nidaros har ei stor lagshytte. Hytta ligg på Lian og har adresse Lianvegen 116 B, 7024 Trondheim.
Hytta ligg ved inngangen til Bymarka som er turområde for Trondheims befolkning. Lianvatnet ligg i gangavstand. Det er skiløyper som startar ved hytta, og dei går inn til hytter i marka som har servering. Det er 20 minutter å gå til trikken.
Hytta kan leigast. Ta kontakt med dei på BUL-kontoret om du er interessert i å leige hytta. Dei kan gje deg informasjon om kva det kostar og om hytta er ledig.
Rom og sengeplasser
I hovudetasjen er det dansesal, peisestue, stort kjøkken,
toalett og eit lagerrom. På kjøkkenet er det to komfyrar, kjøleskåp og oppvaskmaskin
(steamer). I tillegg er det frysar og eit ekstra kjøleskåp på eit lagerrom i
sokkelen.
Det er vedomn i salen og i peisestua, og det er ved i vedbua. I tillegg er det
varmepumper på begge desse romma. I sokkeletasjen er det fem soverom med 25 sengeplassar, 3 rom med 3 køyesenger,
ett rom med 2 køyesenger og ett rom med ei familiekøye. Det er ekstra madrassar
som kan brukast som flatsenger. Det er puter og dyner i sengene, men sengetøy (laken,
dynetrekk og putevar) må leigetakar ta med sjølv.
Det er toalettar, garderobar med dusj og lagerrom. I sokkeletasjen er det golvvarme.
Hytta har balkong/terrasse med hagemøbler.
Hytteregler:
Det er ikkje tillatt med alkohol, røyking og kjæledyr.

